Tjippies · LUSTER OPPVEKSTSENTER SKULE

    Lærar - 2.gongs utlysing

    Vestlandet, NorwayFull-time

    Description

    europa.eu

    Oppvekstsenteret ligg flott til mellom omsorgssenter, camping, daglegvarebutikkar og Dale kyrkje ved Lustrafjorden. Me har fleire fine turområder nær oss, eit godt fagmiljø og me er opptekne av barn sine rettar.

    Vår visjon

    Luster oppvekstsenter - ein god stad å vere, leike og lære.

    Stillingsinformasjon
    • 100 % vikariat som lærar i tida 07.12.2026-19.03.2027
    Ønska kvalifikasjonar
    • Pedagogikkutdanning (1-7 lærar) eller liknande utdanning
    • Personlege eigenskapar og erfaring kan vege opp for manglande formell utdanning
    Personlege eigenskapar me vil leggje vekt på
    • gode samarbeidsevner
    • tydeleg vaksenperson som både er omsorgsfull og kan setje grenser
    • vere fleksibel og skape gode relasjonar til både born, foreldre og medarbeidarar
    • ansvarsfull og lojal

    Menn vert oppmoda om å søkja.

    Me kan tilby
    • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
    • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
    • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
    • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
    Andre opplysningar
    • Tilsette må levere politiattest
    • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
    • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
    • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
    Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren

    Luster oppvekstsenter har skule for 1-7.klasse, SFO og barnehage. Skulen er firedelt med 1.-2.klasse, 3.-4.klasse, 5.-6.klasse og 7.klasse. Barnehagen har for tida 36 plassar fordelt på 2 avdelingar.

    Luster oppvekstsenter ligg sentralt og flott ved Lustrafjorden i bygda Luster, 45 km frå Sogndal og 15 km frå kommunesenteret Gaupne.

    We use cookies to measure visits and improve our ads. You choose. Privacy policy