Tjippies · NORDBYGDA SKULE
Fagarbeidar - Nordbygda skule og SFO
Description
Om stillinga Frå november 2026 søker Nordbygda skule og SFO etter fagarbeidar i 100% vikariat. Vikariatet varar fram til og med 31.07.2027. Masfjorden kommune har 3 skular: Matre skule, Nordbygda skule og Sandnes skule. Skulane er 1-10 skular. Arbeidsoppgåver
- Praktisk og pedagogisk arbeid med barn individuelt og i grupper
- Vise omsorg for kvart enkelt barn
- Ta initiativ til og delta aktivt i barnas aktivitetar og leik
- Bidra til eit godt samarbeid med kollegaar og føresette
Me søker
- Me søker personar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller helsefagarbeidar. Søkarar utan godkjent utdanning vil også kunne bli vurderte
- Ha interesse for barn og barns utvikling
- Tydeleg og vaksen som tar initiativ til å byggje gode relasjonar
- Kunne gjennomføre og følge opp aktivitetar med barn både inne og ute
- Ha gode samarbeidsevner og kunne arbeide sjølvstendig og i team
- Gode norskkunnskapar både skriftlege og munnlege
- Personlege eigenskaper vil bli vektlagt
Anna
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing i skule og SFO vert det stilt krav om politiattest
- Løn etter tariff
Slik søkjer du: Du søkjer elektronisk via "send søknad" på denne sida.
Om arbeidsgiveren
Nordbygda skule er ein fulldelt 1-10 skule med i overkant av 100 elevar. Skulen sitt motto er «Kunnskap og Vennskap». Skulen er Unesco-skule og er akkreditert Erasmus+ skule i perioden 2023 - 2028. Satsingsområda for skulen er lesing, internasjonalisering og bruk av nærmiljøet i undervisninga. Skulen er praksisskule for lærarstudentar. Masfjorden kommune ligg i hjartet av Nordhordland Biosfæreområde og er eit eldorado for friluftsinteresserte, med øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng, og gode fiske- og jaktvilkår. Lokalmiljøet rundt Nordbygda skule er prega av eit aktivt organisasjonsmiljø med kulturskule, idrettsskule, fotballag, all-idrett, sjakk-klubb og skulemusikk.