Tjippies · FELLES OPPVEKST, KULTUR OG INKLUDERING

    Tilkallingsvikar lærar - Ørstaskulen skuleåret 2026/2027

    Vestlandet, NorwayFull-time

    Description

    europa.eu

    Ørsta kommune treng til ei kvar tid lærarar som kan tenkje seg å vere tilkallingsvikar i Ørstaskulen. Denne utlysinga gjeld for skuleåret 2026/2027.

    Denne utlysinga er ikkje knytt til ei spesifikk stilling, men ei liste over søkjarar som kan vere tilkallingsvikarar i Ørstaskulen.

    Arbeidsoppgåver Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel og vere budd på å undervise på alle trinn i grunnskulen. Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare eller lengre periode. Stillingsstorleik vil variere etter behov. Mynde til å gjere slik tilsetting er delegert til den einskilde rektor. Aktuelle skular: Dalane skule: 41 86 43 20Hovden skule: 91 42 84 76 Sæbø skule: 47 66 83 79 Vartdal skule: 99 28 69 99 Velle skule: 46 92 65 82Vikemarka skule: 700 47 700 Ørsta opplæringssenter: 700 45 300Ørsta ungdomsskule: 95 16 91 71 Kvalifikasjonar Det vert ikkje stilt krav om særskilt utdanning i arbeid som tilkallingsvikar. Vi ønskjer likevel først og fremst søkjarar med relevant utdanning frå høgskule eller universitet.Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tiltreding. Personlege eigenskaparStabilitet og personlege eigenskapar vil verte vektlagde saman med utdanning og praksis. Referansar vert nytta.Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at søkjarar legg desse dokumenta inn i Webcruiter ved oppretting av brukar der.Vi tilbyr Arbeidsavtale og -vilkår i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk. Om offentleg søkjarliste I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar unnatakast offentlegsøkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om det. Den som ønskjer at namn skal vereunnateke offentleg søkjarliste, må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdertkonkret i høve omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles viloppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersomkommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjar verte kontakta og få tilbod omå trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga. KontaktinformasjonPål Einar Brekke, Kommunalsjef ArbeidsstadDalevegen 6 6153 Ørsta Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ørsta kommune

    Referansenr.: 5163370662 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 27.06.2027

    Om arbeidsgiveren

    Ørsta kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.

    Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar

    Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

    Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

    Heiltidskultur og inkludering Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.

    Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement.

    We use cookies to measure visits and improve our ads. You choose. Privacy policy