Tjippies · MARIHØNA BARNEHAGE

    Barnehagelærar - 100 % vikariat - Marihøna barnehage

    Vestlandet, NorwayFull-time

    Description

    europa.eu

    Om stillinga Marihøna barnehage har ledig vikariat som Barnehagelærar. Stillinga er ledig nå med varigheit fram til 06.08.27 med muligheit for forlenging. Søknader blir vurdert fortløpande.

    Arbeidsoppgåver / ansvar
    • Skape eit godt barnehagemiljø for alle barn
    • Setje i verk og leie det pedagogiske arbeidet med eit berekraftig fokus

    Om barnehagen Marihøna barnehage ligg plassert sentralt ved Frekhaug senter, med kort veg til busshaldeplass og hurtigbåtkai. I området rundt barnehagen har vi tilgang til fine turområde med skog, sjø og fjell, samt tilrettelagde leikeområde og bibliotek.

    Kompetanse Godkjent utdanning som barnehagelærar. Gjerne erfaring frå arbeid i barnehage Eigenskaper Vi leiter etter ein pedagog som

    • passer inn i personalgruppa vår, tilfører oss noko og som kan vere med å utvikle oss og satsingsområda våre.
    • er raus, tydeleg og bidrar til eit godt arbeidsmiljø.
    • er god på relasjonar til barn, føresette og kollegaer

    Politiattest I tråd med jf. barnehageloven § 30 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede

    Vi tilbyr
    • godt og inkluderande arbeidsmiljø
    • ein barnehage med sentral beliggenhet, men nærleik til naturområder
    • gode samarbeidspartnarar i nærmiljøet.

    Lønsvilkår / Vilkår Løna i stillingskode 6709 Barnehagelærar. Vilkår for arbeidstid følgjer vanlege kommunale vilkår med arbeidstidsordning som barnehagelærarar.Svært god pensjonsordning gjennom KLP.Det er krav om å vise fram tilfredstillande politiattest heimla i forskfrift til barnehagelova ved oppstart. Vi er Alver Vi får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet! Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune Om arbeidsgiveren: Marihøna barnehage tilbyr eit varmt og inkluderande fellesskap der vi ønsker at barn skal bli sett, lytta til og anerkjend. Barnehagen har to avdelingar, ein småbarnsavdeling: Gul og ein storbarnsavdeling: Rød Vi ligg i same nærmiljø som sjukeheim og ungdomsskule som vi samarbeida godt med.

    We use cookies to measure visits and improve our ads. You choose. Privacy policy