Tjippies · SVEIO KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON
Støttekontakt
Description
Om stillinga Sveio kommune har behov for støttekontakt til personar med psykisk utviklingshemming i ulik aldersgruppe. Me søkjer nå særskilt etter deg som har lyst å være støttekontakt for barn, ungdom og vaksne. Me oppfordrar spesielt menn til å søkje på stillinga som støttekontakt. Søknad kan leggjast inn kontinuerleg. Støttekontaktar hjelper personer som har behov for sosial støtte i og utanfor heimen. Normalt er eit oppdrag på 12-16 timar pr. månad, fortrinnsvis utført på ettermiddag. Oppdragsavtalen vert fornya årleg. Arbeidsoppgåver Å vere støttekontakt innebærer at du besøker brukar heime, eller drar ut på aktivitater som er tilpasse brukars funksjonsnivå. Dette kan vere kino, kafébesøk, bading i symjehall, gå ein tur, handarbeid, samtalar eller andre aktivitetar.Støttekontaktar hjelper personer som treng å bli tryggare på seg sjølv og som treng hjelp til å takle ulike livssituasjonar. Ein støttekontakt kan også bidra til at ein person kan klare å omgås andre mennesker i større grad. Du bør ha fylt 18 år. Det vil være ein fordel om du kan disponere bil for å kunne dra ut på aktivitetar.Brukar dekker eventuelle kostnadar til aktivitetar. Kvalifikasjonar Du treng ingen særskilte formelle kvaifikasjonar for å vera støttekontakt. Personlege eigenskapar
- du må vere ein trygg og god omsorgsperson
- du må vere glad i å vere saman med andre mennesker
- du må kunne setje grenser
- du må tilpasse deg ulike situasjoner og personer
- du må ha god norsk munnleg framstillingsevne
Det er krav om politiattest i henhald til lovverk
Vi tilbyr
- kjøregodtgjerelse etter statlege sats
- godgjering og utgiftsdekning etter kommunal sats
Om arbeidsgiveren
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.
More jobs nearby
- Vi søker Pedagogisk leder i 100 % stilling- fast- fra 01.01.27 eller oppstart etter avtalePREG BARNEHAGER ÅNDALSNES AS · Vestland, Vestland, Norway
- Tannpleiar ved distriktstannklinikken Stranda og ValldalTANNHELSETENESTA I STRANDA · Vestland, Vestland, Norway
- Trives du med mat, service og mennesker? Bli vår nye kantinemedarbeider!ADECCO NORGE AS AVD STAVANGER · Vestland, Vestland, Norway
- Kompetanse innen kran- og løfteoperasjoner og søker nye utfordringer?WESTCON LØFTETEKNIKK AS · Vestland, Vestland, Norway
- Deltid Jobb 20 til 50 StillingsprosentPARS RESTAURANT · Vestland, Vestland, Norway
- Fana Stein \& Gjenvinning AS søker etter anleggsmaskinfører.FANA STEIN & GJENVINNING AS AVD UTVINNING · Vestland, Vestland, Norway
- Vil du være mine armer og ben? Ledig stilling i 80% hos aktiv mannECURA BPA AS AVD REGION VEST · Vestland, Vestland, Norway
- Barnehagelærer 20% vikariatNORLANDIA MIDTBYGDA BARNEHAGE · Vestland, Vestland, Norway