Tjippies · HJEMMETJENESTER MIDT-TELEMARK KOMMUNE

    Fast 100% sjukepleiar

    Agder og Sør-Østlandet, NorwayFull-time

    Description

    europa.eu

    Er du sjukepleiar og ønskjer å tenkje nytt? Då ønskjer vi deg med på laget!I heimetenesta arbeider du både ute i private bustader og inne i omsorgsbustader. Heimetenesta i Midt-Telemark er organisert i tre soner: Sone Bø, Sone Gvarv og Fagsona. I Fagsona har vi team som arbeider målretta med «kva er viktig for deg» som pasient, innan fagområde som demens, sår, kreft, innsatsteam og sjukepleiarprosedyrar. Innsatsteamet følgjer opp pasientar som i periodar treng tettare oppfølging for å kunne meistre kvardagen mest mogleg sjølve.Vi samarbeider på tvers av sonene, og fleire tilsette arbeider i fleire soner. Hos oss får du eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, med stor takhøgd for ulike meiningar og mykje humor i kvardagen.Vi deltek aktivt i prosjekt som skal utvikle og styrkje tenestene våre, og vi ønskjer medarbeidarar som kjem med forslag til nye løysingar og som tør å prøve noko nytt.Avdelinga har årsturnus, der du i stor grad kan vere med på å påverke din eigen turnus.

    Arbeidsoppgåver

    • Sjukepleiarprosedyrar
    • Helsetenester og oppfylging av pasientar
    • Samarbeid med pårørande
    • Samarbeid med andre aktørar som lege, ergoterapeut, fysioterapeut og tenestekontor
    • Dokumentasjon

    Kvalifikasjonar Krav til kvalifikasjonar

    • Autorisasjon som sjukepleiar
    • Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg
    • Førerkort klasse B

    Ønska kompetanse

    • Erfaring frå helseteneste
    • God kjennskap til bruk av data som verktøy jf. dokumentasjonsplikt
    • Erfaring og praktiske ferdigheter med sjukepleiarprosedyrar.

    Særskilde krav

    • Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.

    Personlege eigenskapar

    • Interesse for å utføre sjukepleiarprosedyrar
    • Har evne til sjølvstendig, strukturert og målretta arbeid
    • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
    • Er strukturerte og løysningsorientera
    • Du må ha godt humør og inneha ein positiv innstilling samt tolmodige til å kunne tole psykiske og fysiske krevjande utfordringar
    • Evne til å ivareta og bidra til eit god arbeidsmiljø

    Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Vi tilbyr

    • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
    • Du får ein dedikert mentor som kan svare på spørsmål og gje råd
    • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
    • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

    Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter. KontaktinformasjonElisabeth Josefsen-Reisjå, Avdelingsleiar, +47 99358302 ArbeidsstadGamleveg 46 3802 Bø i Telemark Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune

    Referansenr.: 5196950771 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.11.2026

    Om arbeidsgiveren

    Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.

    Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.

    We use cookies to measure visits and improve our ads. You choose. Privacy policy