Tjippies · HELSE FØRDE HF FØRDE SENTRALSJUKEHUS

    Ferievikar medisinsk poliklinikk sommaren 2027

    Vestlandet, NorwayFull-time

    Description

    europa.eu

    Medisinsk poliklinikk ved Nordfjord sjukehus søkjer sjukepleiar til sommaren 2027. Arbeidsperioden er 28.06.2027-22.08.2027 . Medisinsk poliklinikk tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar innan mage- og tarm, hjarte, infusjon, lunge, eldremedisin, diabetes, ØNH og skade. Nordfjord sjukehus ligg sentralt til i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid er omgitt av vakker natur og er ein triveleg stad å bu. Oppgi i søknaden kva periode du kan arbeide og ønskja stillingsprosent. Opplæring kan med fordel starte tidlegare.

    Arbeidsoppgåver

    • Behov for ferievikar på hjartepoliklinikk og skadepoliklinikk, men kan også vere behov ved andre poliklinikkar.
    • Forberede pasient til undersøkingar, hjelpe lege ved undersøkingar.

    Kvalifikasjonar

    • Offentleg godkjent sjukepleiar
    • Erfaring frå sjukehus er ønskjeleg
    • Må beherske godt norsk både skriftleg og munnleg
    • Erfaring med bruk av DIPS er ein fordel

    Personlege eigenskapar

    • Du har motivasjon og interesse for fagfelta
    • Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
    • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
    • Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
    • Du må ha evne til systematisk arbeid

    Vi tilbyr

    • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
    • Opplæring
    • Lønn i samsvar med gjeldende overenskomst
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Trivelig arbeidsmiljø

    Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonArnstein Ivesdal, Einingsleiar, (+47) 578 64 031 ArbeidsstedSjukehusvegen 14 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde

    Referansenr.: 5202499935 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 17.01.2027

    Om arbeidsgiveren

    Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

    Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

    We use cookies to measure visits and improve our ads. You choose. Privacy policy