Tjippies · HELSE FONNA HF HAUGESUND SJUKEHUS

    Bedriftslege/arbeidsmedisiner

    Vestlandet, NorwayFull-time

    Description

    europa.eu

    Vi søkjer ein bedriftslege i minimum 30% og opptil 50% fast stilling ved bedriftshelsetenesta (BHT) i Helse Fonna. Stillinga passar både for deg som er spesialist i arbeidsmedisin, og for deg som ønskjer å utvikle deg innan fagområdet. Hos oss blir du ein del av eit tverrfagleg fagmiljø som arbeider for trygge, sunne og helsefremmande arbeidsplassar. BHT/HMS er ei intern teneste i Helse Fonna og er organisert under HR med 38 medarbeidarar. I avdelingen BHT/HMS er vi 6 medarbeidere som mellom anna jobbar med arbeidsmedisin, fysisk og kjemisk arbeidsmiljø, psykososialt og organisatorisk arbeidsmiljø, ergonomi, smittevern og systematisk HMS-arbeid. Som bedriftslege får du ei viktig rolle i det førebyggande arbeidsmiljøarbeidet. Du får samarbeide med ulike faggrupper og blir ein del av eit fagleg nettverk med bedriftslegar i Helse Vest og nasjonalt.

    Kva går jobben ut på?

    • Gi arbeidsmedisinsk rådgiving og bidra i det systematiske HMS-arbeidet.
    • Gi råd om nærværsfremmande tiltak, sjukefråværsoppfølging og tilrettelegging.
    • Leie relevante prosessar og prosjekt.
    • Ha ansvar for at det medisinske arbeidet i BHT er i samsvar med faglege reglar og normer.
    • Planlegge og gjennomføre målretta helsekontrollar og yrkesvaksinasjonar.

    Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

    • Norsk autorisasjon som lege og gjennomført turnusteneste/LIS1.
    • Du har fullført spesialisering i arbeidsmedisin, er i gang med spesialisering eller har relevant erfaring innan fagområdet.
    • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
    • Kompetanse innan førebyggande arbeidsmiljøarbeid og interesse for arbeidsmiljøarbeid i komplekse organisasjonar.
    • God kjennskap til arbeidsmiljølova, forskrifter og anna relevant lovverk.
    Kva ser vi etter hos deg? Vi ser etter deg som
    • samarbeider godt med andre og trivst med tverrfagleg arbeid
    • kommuniserer tydeleg og formidlar medisinsk kunnskap på ein forståeleg måte
    • arbeider systematisk og målretta
    • har gode analytiske evner og kan vurdere samansette problemstillingar

    Vi legg vekt på personlege eigenskapar.

    Vi tilbyr

    • Ei variert og sjølvstendig stilling med fleksibel arbeidstid.
    • Eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse.
    • Deltaking i faglege nettverk med bedriftslegar i Helse Vest og nasjonalt.
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

    Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonLaura Dida Maria Hauge, Avdelingsleiar, +47 45851417, laura.dida.maria.hauge@helse-fonna.no ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 Haugesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

    Referansenr.: 5197103762 Stillingsprosent: 50% Fast Søknadsfrist: 18.11.2026

    Om arbeidsgiveren

    Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

    Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

    For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no .

    We use cookies to measure visits and improve our ads. You choose. Privacy policy