Tjippies · BYGSTAD BARNEHAGE

    Barnehagane i Sunnfjord har ledige stillingar

    Vestlandet, NorwayFull-time

    Description

    europa.eu

    Vil du vere med på å skape ein trygg, leiken og lærerik kvardag for barna våre? Sunnfjord kommune har ledige stillingar som pedagogar. Vi søkjer engasjerte og tydelege pedagogar til mellombelse stillingar i barnehagane våre. Som pedagog får du hovudansvaret for å planleggje, gjennomføre og evaluere det pedagogiske arbeidet på avdelinga, i tråd med barnehagelova og rammeplanen. Du vil leie og rettleie teamet ditt, og samarbeide tett med foreldre og resten av fagmiljøet i barnehagen for å sikre eit inkluderande og godt oppvekstmiljø.

    Vi har ledige stillingar i følgande barnehagar
    Bygstad barnehage
    • 100 % stilling som pedagogisk leiar, vikariat i perioden 01.01.2027 - 15.08.2027

    For meir opplysningar, ta kontakt med einingsleiar Anne Jorunn Fauske, tlf. 970 53 654, eller på e-post anne.jorunn.fauske@sunnfjord.kommune.no

    Skei barnehage

    • 100 % stilling som pedagog ,vikariat i perioden 01.01.2027 - 31.07.2027 (20 % som pedagogisk leiar og 80 % som barnehagelærar)

    For meir opplysningar, ta kontakt med konstituert einingsleiar Anne-Sofie Fonn Nilsen. tlf. 994 85 240, eller på e-post anne-sofie.fonn.nilsen@sunnfjord.kommune.no

    Tilsetting skjer med atterhald om fortrinnsrett for kvalifiserte søkarar i kommunen, jf. arbeidsmiljølova og gjeldande avtaleverk. Barnehagane kan tilby deg:

    • god oppfølging av nytilsette
    • deltaking i team med sterk kultur for fagleg utvikling og læring
    • systematisk kvalitetsarbeid i ein lærande organisasjon
    • tillegg som pedagogisk leiar
    • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
    • gode pensjons- og forsikringsordningar
    Kvalifikasjonar
    • du er utdanna som barnehagelærar eller barne- og ungdomsarbeidar
    • du er ein relasjonsorientert person som viser omsorg og ser kvart enkelt barn
    • du har gode evner til å leie barn og vaksne
    • du kan arbeide sjølvstendig og har gode evner til samarbeid
    • du likar å bidra til å finne gode løysingar og skape utvikling
    • beherskar godt norsk, både skriftleg og munnleg

    Søkar må søkar legge fram gyldig politiattest utan merknad før tilsetting. Kjenner du deg igjen i denne beskrivelsen håpar vi du vil søke på stilling i våre barnehagar! For meir informasjon om dei ulike barnehagane sjå Sunnfjord kommune si heimeside. Du søker elektronisk. Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

    Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren

    Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.

    We use cookies to measure visits and improve our ads. You choose. Privacy policy