Tjippies · HØYANGER SKULE

    Spesialpedagog/lærar

    Vestlandet, NorwayFull-time

    Description

    europa.eu
    • gongs utlysing.

    Høyanger skule har ledig 100 % stilling som spesialpedagog/lærar frå snarast. Stillinga er øyremerkt elevar med behov for tilrettelagt undervisning.

    Kvalifikasjonar
    • Godkjent undervisningskompetanse for tilsetting i grunnskulen, med spesialpedagogikk i fagkrinsen
    • Det er elles nødvendig med kompetanse i grunnleggjande lese- og skriveopplæring, grunnleggjande matematikk (inkludert programmering) samt engelsk for ungdomsskulen.
    • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

    Vi søkjer deg som er engasjert i utvikling av Høyanger kommune og likar å finne løysingar i samarbeid med andre. Vi er opptekne av god service til innbyggjarane våre. Det må du også vere. Personlege eigenskapar som blir tillagt stor vekt

    • Ønskje og vilje til å tileigne seg ny kunnskap og ferdigheiter• Særleg god relasjonskompetanse• Positivitet• Fagleg engasjement• Fleksibilitet• Gode samarbeidsevner
    Vi tilbyr
    • Eit triveleg personale, som legg vekt på sosiale møtepunkt
    • Høve til kompetanseutvikling
    • Lokal avtale om ”Kompensasjon for erverva kompetanse”.
    • Flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ
    • Lønn etter gjeldande tariffavtale
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Hjelp til å skaffe kommunal bustad

    Politiattest må leggast fram for den som blir tilsett. Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg. Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen.

    Kvifor Høyanger?

    • Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi
    • Eit rikt lag- og organisasjonsliv
    • Fokus på samskaping og samarbeid
    • Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, m.m.

    Lurer du på korleis det er å jobbe hos oss på Høyanger skule eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Ta kontakt med Erik Veum på tlf. 97073335 og høyr erfaringane hans. Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å bli unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.

    Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren

    Høyanger skule er ein fulldelt 1 – 10 skule med ca. 270 elevar, ca 29 lærarårsverk og SFO- ordning med ca. 60 born. Skulen ligg sentralt i Høyanger tettstad, nær idretts- og badeanlegg.

    We use cookies to measure visits and improve our ads. You choose. Privacy policy