Tjippies · HELSE FONNA HF HAUGESUND SJUKEHUS
Avdelingsradiograf på CT - vikariat
Description
Radiologisk avdeling Helse Fonna, Haugesund søker etter avdelingsradiograf på CT - ett års vikariat på dagtid Om avdelinga: I Haugesund har vi 13 laboratorier fordelt på ultralyd, CT, MR, mammografi, nukleærmedisin, intervensjon og generell røntgen Avdelinga har 2 Siemens CT. Stillinga er ei dagstilling. Avdelingsradiograf CT har ansvar for den daglege drifta ved CT i samhandling med funksjonsleiar og fagradiograf. Ved intern tilsetjing blir det ledig stilling som radiograf i tredelt turnus . Dersom dette er av interesse, må det komme tydeleg fram i søknaden.
Om by & land
Haugesund er ikkje ein stor by, men senter i eit stort oppland (110.000 lokalt, 180.000 i Fonna-regionen). Vi har eit breitt tilbud innan kultur, idrett og friluftsliv!God transportkommunikasjon til Stavanger, Bergen og Oslo.
Arbeidsoppgåver
- Skal i samarbeid med fagansvarlig overlege, fagradiograf og funksjonsleder bidra til å styrke, videreutvikle og optimalisere rutiner og prosedyrer som omhandler fagområdet
- Har ansvar for vedlikehold, testing, fagutvikling og kvalitetssikring av rutiner og prosedyrer
- Veilede, motivere, informere og undervise andre radiografar og ulike studentgrupper. Bidra med internundervisning innen sitt fagområde
- Har ansvar for at utstyret blir maksimalt utnyttet med hensyn til timeoppsett og tilgjengelige ressurser og skal kvalitetssikre at pasienter får tildelt time til rett tid
- Det finnes stillingsinstruks til stillinga
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som radiograf
- Ønskelig med videreutdanning i CT
- Minst 3 års erfaring fra CT
- Beherske norsk språk godt munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du har stor motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
- Du har interesse for undervisning og rettleiing
- Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du er punktleg og påliteleg
- Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du evner å få fram det beste i dine kollegaer
Personlege eigenskapar vil bli vektlagte Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
KontaktinformasjonElin Hetland, Funksjonsleiar, +47 52732273, elin.hetland@helse-fonna.no ArbeidsstadKarmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5188887027 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 04.01.2027 Søknadsfrist: 15.11.2026
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no .