Tjippies · TANNHELSETENESTA I STRANDA

    Tannlege ved distriktstannklinikken Stranda

    Vestlandet, NorwayFull-time

    Description

    europa.eu

    Vil du bli ein del av tannhelseteamet vårt på Stranda på Sunnmøre?

    • Ønskjer du spennande utfordringar i eitt av landets vakraste fylke?
    • Blir du motivert av å jobbe for og med menneske?
    • Søker du eit meiningsfylt arbeid med stor variasjon og ansvar?
    • Vil du vere ein del av eit fagleg fellesskap som legg vekt på læring, samarbeid og tillit?

    Vi har ledig, fast 100% stilling som tannlege ved distriktstannklinikken Stranda Vil du kombinere ein meiningsfull jobb med eit aktivt liv mellom fjord og fjell? I Stranda ventar store naturopplevingar, og friluftslivet byr på aktivitetar året rundt, med alt frå toppturar og fjellvandring til båtliv og frikøyring i eitt av Norges beste skisenter. Stor breidde i aktive lag og foreiningar gir rom for kultur og sosialt engasjement. Les meir om regionen og moglegheitene for eit aktivt liv mellom fjord og fjell: Visit Stranda: www.visitstranda.com

    ArbeidsoppgåverVarierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar. Arbeidsoppgåver er hovudsakeleg klinisk virke med odontologisk undersøkingar og behandling. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver, kontakt med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar. Kvalifikasjonar

    • Norsk autorisasjon som tannlege
    • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk
    • Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit
    Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som
    • kjenner stoltheit for tannhelsefaget
    • trivst med å jobbe med og for menneske
    • jobbar effektivt og sjølvstendig
    • har god samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert
    • ønskjer å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljøJobbar effektivt og sjølvstendig

    Vi tilbyr

    • Ein god jobb der du kan utvikle deg
    • Lønn etter avtale
    • Etableringstilskot og flyttetilskot
    • Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse
    • Trivelege medarbeidarar og godt miljø
    • Introduksjonsprogram
    • Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)

    Anna Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.Den som vil bli tilsett må levere politiattest KontaktinformasjonAre Kristoffer Hjeltnes, Overtannlege Ålesund kompetanseregion, 92045001 Julianne Langelo Hole, Klinikkleder, 41367808 Tone Nord, Fylkestannlege, 95468500 ArbeidsstadØyna 24 6200 Stranda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

    Referansenr.: 5202649186 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 20.11.2026

    Om arbeidsgiveren

    Bli med å utvikle regionen saman med oss!

    Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

    Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.

    Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

    For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.

    Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling. Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.

    Sjå korleis det er å jobbe i tannhelsetenesta i Møre og Romsdal

    Interessert i jobb i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal?

    • Ønsker du spennande utfordringar i eit av landets vakraste fylke?
    • Blir du motivert av å jobbe for - og med - menneske?
    • Ønsker du eit meiningsfylt arbeid med varierte pasientgrupper?
    • Vil du vere ein del av eit fagleg nettverk og ein organisasjon som opptatt av læring, samarbeid og tillit?

    Vi treng deg i det viktige samfunnsoppdraget vårt!

    We use cookies to measure visits and improve our ads. You choose. Privacy policy