Tjippies · HELSE FØRDE HF FØRDE SENTRALSJUKEHUS

    Sommarvikarar til sengepostar

    Vestlandet, NorwayFull-time

    Description

    europa.eu

    🌟 Vi søkjer sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar til sommaren 2027 🌟 Arbeidsperiodee : 21.06.2027 - 20.08.2027 Behovet for vikarar og moglegheit for opplæring kan vere utanfor oppgitt tidsrom. Opplys gjerne i søknaden dersom du kan arbeide før eller etter den oppgitte perioden. Ferieønskjer Dersom du har ønskje om ferie i arbeidsperioden, ber vi om at dette vert opplyst i søknaden. Ønskje om arbeidsstad FSS Du må opplyse kva avdeling(ar) du ønskjer å arbeide ved, gjerne i prioritert rekkefølge. Dersom du berre ønskjer ei bestemt avdeling, ber vi om at dette blir tydeleg spesifisert i søknaden. Kontaktinformasjon * Nevrologi og rehabilitering sengepost: Sirianne Pidic, (47) 57839143 / 92499376 * Kirurgisk sengepost: Linn Beate Årnes, (47) 57839269 / 95206487 * Kreft sengepost: Ida Juklestad, (47) 578 39313 / 91136864 * Medisinsk sengepost 1: Magnus Jarl Midtvoll, ( 47) 57839306 / 40729970 * Medisinsk sengepost 2,: Anne Mari Indrebø, ( 47) 57839411/90920435 * Ortopedisk sengepost: Håvard Nesse Røneid, (47) 99602854 * Barn og unge sengepost og poliklinikk: Jorunn Sollid, ( 47) 99293641 * Føde/Barsel/Gynekologisk sengepost: Kristin Opseth Rygg, (47) 41209282 * Akuttmottak: Anita Dvergsdal, (47) 95701444

    Arbeidsoppgåver

    • Pleie og behandling til pasientar
    • Utføre relevante prosedyrer til avdelinga du jobbar ved
    • Dokumentasjon i DIPS og Meona
    • Samarbeid med aktuelle faggrupper

    Kvalifikasjonar

    • Autorisasjon som sjukepleiar (om du er ferdig med Bachelor i sjukepleie i juni 2027 kan du søkje)
    • Ufaglærte må vise til pleieerfaring innan helse og omsorg
    • Sjukepleiar og medisinstudentar oppfordrast til å søkje
    • Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg

    Personlege eigenskapar

    • Kompetanse, inkl. personlege eigenskapar og erfaring vert vektlagt - opplys om dette i søknad.
    • Ha gode samarbeidsevner
    • Vere fleksibel
    • Takle tidvis høgt temp
    • Vere engasjert

    Vi tilbyr

    • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Alle som blir tilsette i Helse Førde, skal få god opplæring og bli godt ivaretekne som nye arbeidstakarar

    Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonMagnus Jarl Midtvoll, Seksjonsleiar, +47 407 29 970 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2

    6812 FØRDE

    Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde

    Referansenr.: 5202385915 Stillingsprosent: 100% Engasjement Søknadsfrist: 17.01.2027

    Om arbeidsgiveren

    Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

    Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

    We use cookies to measure visits and improve our ads. You choose. Privacy policy