Tjippies · ØYSTRE SLIDRE HELSETUN - INSTITUSJON

    Kokk- tilkallingsvikar på Øystre Slidre helsetun

    Innlandet, NorwayFull-time

    Description

    europa.eu

    Øystre Slidre helsetun søkjer fleire tilkallingsvikarar som kan jobbe hjå oss på kjøkkenet i feriar og ved fråvær. Vi søkjer primært kandidatar med fagbrev, men andre med relevant erfaring kan også søkje. Arbeidsstad er på Heggenes. Lokala på helsetunet er nye og moderne, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på helsetunet. Som kokk er du med og bidreg til at dei som treng det får eit godt tenestetilbod. Kandidatar blir vurdert og kontakta fortløpande.

    Arbeidsoppgåver

    • Tilbereding av mat til bebuarar på helsetunet, og til heimebuande med vedtak om matombringing
    • Tilbereding av mat til kantine for tilsette
    • Andre oppgåver som høyrer til kjøkkendrifta

    Kvalifikasjonar

    • Det er ynskjeleg med fagbrev som institusjonskokk/ernæringskokk eller kokk. Personar utan fagbrev, men med relevant erfaring og interesse for faget, kan også søkje
    • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig på kjøkkenet, m.a. på helg

    Personlege eigenskapar

    • Evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vera løysningsorientert
    • Vera fleksibel, positiv og ha gode samarbeidsevner

    Vi tilbyr

    • Nødvendig opplæring og veiledning
    • Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar

    KontaktinformasjonAnne Bråthen, Avdelingsleiar, +47 91993201 ArbeidsstadBygdinvegen 1989

    2940 HEGGENES

    Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

    Referansenr.: 5194028420 Stillingsprosent: 0% Vikar Søknadsfrist: 15.11.2026

    Om arbeidsgiveren

    Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.

    Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!

    Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.

    Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.

    Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.

    Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no .

    We use cookies to measure visits and improve our ads. You choose. Privacy policy