Tjippies · HELSE FØRDE HF NORDFJORD SJUKEHUS
Sjukepleiar? Nyutdanna eller med lang erfaring? Kom og jobb hos oss i sommar!
Description
Medisinsk sengepost ved Nordfjord sjukehus søkjer ferievikarar sommaren 2027. Periode: 14.06.2027 - 22.08.2027.
Vi har behov for
- Sjukepleiarar
- Sjukepleiarar med kompetanse frå overvaking, observasjonspost, intensiv o.l.
Sengeposten er ein spennande heildøgns sengepost med totalt 16 senger, inkludert 3 observasjonssenger. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord og tek imot det meste av den augeblikkelege hjelpa frå regionen. Her får du møte mange ulike indremedisinske problemstillingar og opparbeide deg verdifull erfaring i eit variert og lærerikt fagmiljø. Vi går i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Opplæring kan med fordel starte tidlegare. Oppgi i søknaden kva periode du kan arbeide, og kva stillingsprosent du ønskjer.
Arbeidsoppgåver sengepost
- Ta imot pasientar som kjem til avdelinga
- Observasjonar og målingar av vitale parameter
- Gruppeleiing og medikamenthandtering
- Ivareta pasientar sine grunnleggande behov i høve pleie, omsorg og aktivitet
- Dokumentasjon i elektronisk pasientjournal DIPS/Meona
- Kontakt med kommunane via PLO-meldingar
- Oppfølging av daglege rutiner i sengeposten
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Må beherske godt norsk både skriftleg og munnleg
- Ønskje om erfaring med DIPS/MEONA, men opplæring vil bli gitt
Personlege eigenskapar
- Du kommuniserer godt med pasientar og pårørande
- Du samarbeider godt med kollegaer og samarbeidspartnarar
- Du likar å arbeide i spennande og til tider krevjande situasjonar
- Du er god til å sjå kva som skal gjerast, og tilbyr og mottar hjelp
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Du er fleksibel og engasjert
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg utvikling
#sommarjobb#sommarjobbnordfjord#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse KontaktinformasjonMaria Charlotta Berg Langvik, Seksjonsleiar, (+47) 416 48 264 ArbeidsstedSjukehusvegen 14 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5201209195 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 17.01.2027
Om arbeidsgiveren
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.