Tjippies · HELSE FONNA HF HAUGESUND SJUKEHUS

    Skal du bli bioingeniør og ønskjer jobb og stipend?

    Vestlandet, NorwayFull-time

    Description

    europa.eu

    Vil du kombinere studiene dine med en lærerik jobb - og få stipend samtidig? Hos oss får du ikkje berre ein jobb, men ei moglegheit til å lære mykje om korleis det er å jobbe som bioingeniør. Som bioingeniørstudent kan du søke om helge- og feriestilling ved eitt av våre sjukehus. Du får lønn, fagleg utvikling, og i tillegg eit stipend! Vi har laboratorium i Haugesund, Odda og på Stord, der du kan få relevant arbeidserfaring:

    • På laboratoriet for medisinsk biokjemi og immunologi- og transfusjonsmedisin i Haugesund, samt på laboratoriet på Stord og Odda, kan du jobbe i feriar og helger.
    • Ved laboratoriet for medisinsk mikrobiologi kan du arbeide på laurdagar og i feriar. På patologiavdelinga i Haugesund kan du jobbe i feriar.

    Les meir om alle fordelane vi tilbyr! I søknaden kan du skrive om du ønskjer å jobbe ved eit spesifikt laboratorium, eller sende ein open søknad. 👉Vi tilset kvalifiserte søkjarar fortløpande – søk no og bli med på laget!

    Kva går jobben ut på

    • Prøvetaking av polikliniske og inneliggande pasientar
    • Prøvehandtering og preanalytisk arbeid
    • Pasientnær analysering
    • Enkelt laboratoriearbeid

    Kva kompetanse er viktig i denne rolla

    • Du er bioingeniørstudent
    • Studentbekreftelse må foreligge ved oppstart
    • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
    Kva ser vi etter hos deg Hos oss er det viktig at du
    • er sjølvstendig
    • trivest i ein travel kvardag og har høg arbeidsmoral
    • samarbeider godt med andre og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
    • er strukturert
    • er lærevillig og nysgjerrig

    Kvifor skal du velje oss

    • Ein unik moglegheit til å praktisere faget ditt i eit trygt miljø der du er omgitt av dyktige fagpersonar døgnet rundt.
    • Eit godt innblikk i spesialisthelsetenesta, noko som er nyttig uansett kor du vel å arbeide i framtida.
    • Medverknad til at du får utvikle breidda i bioingeniørfaget i eit spennande, utviklande og dynamisk miljø.

    Vitnemålsportalen vi oppmodnar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen (www.vitnemålsportalen.no) for å laste opp sine vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at kokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Har du teke utdanning i utlandet, må godkjenning frå UDIR/NOKUT leggjast ved søknaden. Om du ikkje finn alle dei relevante vitnemåla dine i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden. KontaktinformasjonRita Danielsen Tyse, Funksjonsleiar, +47 53491094 ArbeidsstadKarmsundgata 120

    5528 HAUGESUND

    Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

    Referansenr.: 5087517351 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 31.12.2026

    Om arbeidsgiveren

    Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

    Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

    For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no .

    We use cookies to measure visits and improve our ads. You choose. Privacy policy