Tjippies · KVINNHERAD KOMMUNE BU OG HABILITERING ROSENDAL

    Helsefagarbeidar 55 % fast ved Bu- og habilitering

    Vestlandet, NorwayFull-time

    Description

    europa.eu

    Bu- og habilitering nord og sør er to einingar i sektor for omsorg, helse og sosial som yt tenester etter helse- og omsorgstenestelova til vaksne med varige og omfattande funksjonsnedsettingar. Målet for einingane er å gje den einskilde eit tenestetilbod som er tilpassa eige hjelpebehov og som gjev høve til utvikling, påverknad og styring av eige liv. Tenestene vert gjeve i eigen bustad, bufellesskap med heildøgns omsorg, avlastningsbustad og som aktivitetstilbod ved dagsenter.

    Omtale av stillingane

    • Ledig 55 % stilling som helsefagarbeidar ved Bu- og habiitering
    • Arbeidsstad bufelleskap på Husnes.
    • Arbeidstida er turnusarbeid med arbeid kvar 3. helg.
    • Dersom det vert rekruttert internt, kan andre stillingar og stillingsbrøkar verta ledige og ein kan då tilsetta i desse stillingane i same søkjarmasse.

    Vi søkjer

    • Etter personar med norsk autorisasjon som helsefagarbeidar.

    Kvalifikasjonar

    • Ha gode kommunikasjonsevner og bidra til eit godt arbeidsmiljø
    • God munnleg og skriftleg norsk framstilling
    • Kunna takla utfordrande adferd.
    • Ha sertifikat til bil

    Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning.

    Personlege eigenskaper

    • Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
    • Du må vere fleksibel og løysningsorientert.
    • Ansvarsfull og nøyaktig
    • Sjølvstendig

    Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

    Vi tilbyr

    • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
    • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
    • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
    • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
    • Ingen eigendomsskat pr. idag for hus , hytter og næring.
    • Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet .
    • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehage.
    Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren

    Kvinnherad kommune har vel 13.250 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring. Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet. Sjekk og ut Friskus Kvinnherad for aktiviteter og frivillige oppdrag (https://kvinnherad.friskus.com/events)

    We use cookies to measure visits and improve our ads. You choose. Privacy policy