Tjippies · KVITESEID MUSIKK OG KULTURSKOLE

    Vi søkjer danselæar ved Kviteseid kulturskule i 19,4% stilling

    Agder og Sør-Østlandet, NorwayFull-time

    Description

    europa.eu

    Vi søkjer ein danselærar som brenn for å undervise barn og unge i dans!Vi har ledig ei fast stilling på 19,4 %. Undervisninga går føre seg i Kviteseidhallen og er i hovudsak knytt til SFO-tid og tidleg ettermiddag. Ønskt undervisningsdag er tysdagar i tidsrommet kl. 14.00–17.00, men andre dagar og tidspunkt kan vere aktuelle. Vi ønskjer særleg kompetanse innan moderne og urbane dansestilar som Streetdance, Hip-Hop eller Streetfunk.Stillinga omfattar undervisning av barn og ungdom i alderen 6–16 år. Til no har undervisninga vore organisert i tre grupper: SFO-barn, elevar på 4.–7. trinn og elevar på 8.–10. trinn. Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månadar.Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.

    Arbeidsoppgåver

    • planleggje, gjennomføre og evaluere danseundervisning for barn og ungdom
    • skape eit trygt, inkluderande og motiverande læringsmiljø
    • tilpasseundervisninga til ulike aldersgrupper og ferdigheitsnivå
    • arbeide med koreografi og førebuing til framsyningar
    • inspirere elevane til skaparglede, sjølvutfalding og meistring gjennom dans
    • følgje opp elevane si faglege og personlege utvikling

    I tillegg til sjølve undervisninga omfattar stillinga førebuingstid, personalmøte, oppfølging av elevar og elevlister, kontakt med føresette, samt deltaking og arrangementsansvar ved framsyningar og andre arrangement. Kvalifikasjonar

    • Relevant utdanning innan dans eller relevant realkompetanse
    • Pedagogisk utdanning eller annan relevant realkompetanse
    • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

    Personlege eigenskapar

    • har engasjement for og interesse av å undervise i dans på alle nivå i eit trygt og motiverande læringsmiljø
    • er påliteleg og har evne til å planleggje og informere i god tid
    • har gode samarbeidsevner og evne til å skape engasjement
    • ønskjer å bidra positivt i kulturskulen sitt profesjonelle læringsfellesskap
    • kan arbeide sjølvstendig og strukturert
    • har evne og vilje til å bruke digitale verktøy i samarbeid med elevar, føresette og kollegaer
    • har undervisningserfaring og gjerne kan vise til referansar

    Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt Vi tilbyr

    • Samarbeid med trivelege og dyktige kollegaer i eit tverrfagleg praksisfellesskap
    • Løn etter gjeldande tariffavtale

    KontaktinformasjonMartin Krause, Rektor, 9080 4519, martin.krause@kviteseid.kommune.no ArbeidsstadKnut Taraldsens veg 8 3850 Kviteseid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kviteseid kommune

    Referansenr.: 5201837521 Stillingsprosent: 19% Fast Søknadsfrist: 22.11.2026

    Om arbeidsgiveren

    null

    We use cookies to measure visits and improve our ads. You choose. Privacy policy