Tjippies · ØRSTA KOMMUNE KOMMUNEDIREKTØR OG STAB
Legevikariat
Description
Ein av våre legar har permisjon og det er difor ledig 80 % vikariat for periode 01.01.-31.07.2027. Stillinga er delt mellom 50 % på helsestasjon og 30 % på sjukeheim. Dersom du ønsker å søke på berre delar av stillinga, kan det vere mogleg å søke på 50 % helsestasjon eller 30 % sjukeheim, og kombinere dette med t.d. legevakt. Stillinga har ikkje legevaktsplikt, men det kan vere mogleg å gå legevakt dersom du sjølv ønsker det Du kan få tellande både sjukeheims- og helsestasjonspraksis i ALIS-løpet dersom det er aktuelt for deg, sidan vi har både helsestasjon og sjukeheim som læringssarena i vår generelle utdanningsplan for ALIS Legetenesta i Ørsta består elles av 15 fastlegar og to LIS1-stillingar som alle er lokaliserte ved Ørsta helsesenter, samt kommuneoverlege i 100 % stilling.Du vil få høve til å delta på vekentlege møte på Ørsta helsesenter og slik vere ein del av legefellesskapet i Ørsta kommune.
Helsestasjon/skulehelseteneste
Arbeidet vil i hovudsak vere obligatoriske legekontrollar i samsvar med helsestasjonsprogrammet. I tillegg deltek ein på helsestasjon for ungdom (HFU) og har ansvar for legedelen av førsteklassekonsultasjonane. Legen samarbeidar både med helsesjukepleiarane som har helsestasjon 0-5 år og dei som har skulehelseteneste.
Legen kan også ha enkelte konsultasjonar for barn som kjem som flyktningar. Det kan også verte aktuelt med oppfølging av flyktningar i samband med helseundersøkinga som dei får tilbod om. Helsestasjonen har om lag 11 årsverk fordelt på 15 tilsette: avdelingsleiar, jordmor, kommunepsykolog, merkantil ressurs og helsesjukepleiarar.Fysioterapeut er knytt til helsestasjonen for barn 0-5 år i 20 % stilling. Ørsta er BTI-kommune (betre tverrfagleg innsats) og vi er godt i gang med implementering av denne måten å jobbe systematisk og tverrfagleg rundt barn og familiar.Helsestasjonen er lokalisert i same bygg som ergo, fysio, friskliv og Ørsta helsesenter(fastlegane).
Sjukeheim
Kommunen har to sjukeheimslegestillingar. I tillegg til denne som er utlyst, er det 90 % stilling ved Ørstaheimen. Arbeidstida er fordelt med ein fast dag i veka ved Hjørundfjordheimen på Sæbø og ein halv fast dag i veka ved Vartdal Helsetun på Vartdal.Det kan vurderast ei anna fordeling av arbeidstida dersom dette er meir føremålstenleg.
Arbeidsoppgåver Helsestasjon
- legeoppgåver ved helsestasjon og HFU
- du kan inngå i fleire team på hesestasjonen (skuleteam, helsestasjonsteam)
- enkelte førstegongskontrollar for barn som kjem som flyktningar
Sjukeheim
- tilsynslegeoppgåver ved Vartdal helsetun og Hjørundfjorheimen på Sæbø
Kvalifikasjonar
- du oppfyller krava i Forskrift om kompetansekrav for leger
- du uttrykker deg godt på norsk både munnleg og skriftleg
- det er krav om godkjend politiattest
- du har førarkort, klasse B og kan disponere eigen bil i teneste
Personlege eigenskapar Vi søker etter ein lege som
- likar å jobbe både sjølvstendig og samarbeide med andre
- skaper gode relasjonar til born, eldre, føresette og pårørande
- er opptatt av fagutvikling
- har interesse både for forebyggande oppgåver og helseutfordringar hjå eldre
- er fleksibel
- snarleg tilsetting vil verte prioritert
Vi tilbyr
- godt legefellesskap der du har høve til å delta på vekentlege møte saman med fastlegane
- dyktige kollegaer både på helsestasjonen og på sjukeheimane
- Spennande utfordringar og ein variert arbeidskvardag
- Arbeidstid på dagtid med fleksitidsordning
- Gode pensjons - og forsikringsordning ar for tilsette i KLP
- Løn etter avtale
KontaktinformasjonCamilla Nupen, avdelingsleiar, 90075316, camilla.nupen@orsta.kommune.no Runa Bakke, Tenesteleiar, 91621147, runa.bakke@orsta.kommune.no ArbeidsstadHåkonsgata 78 6150 Ørsta Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ørsta kommune
Referansenr.: 5204411880 Stillingsprosent: 80% Vikar Søknadsfrist: 20.11.2026
Om arbeidsgiveren
Ørsta kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Heiltidskultur og inkludering Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement.