Tjippies · FJORD KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON

    Medarbeidar - helse og skule

    Vestlandet, NorwayFull-time

    Description

    europa.eu

    Vi søker medarbeidar i 100% stilling til ein glad og positiv gut på 14 år. Arbeidsstad er Stordal. Stillinga er i hovudsak i skuletida, der du er med for å gjere kvardagen hans lettare ilag med miljøterapeut. Delar av stillinga blir i habiliteringstenesta. Er du på utkik etter ein variert og kjekk kvardag? Ser du på deg sjølv som ein omsorgsfull, initiativrik og leiken person?Vi ser etter deg som er ansvarleg, empatisk, tålmodig, punktleg, open og god på kommunikasjon. Er du i tillegg lærevillig, kreativ, har glimt i auget og er glad i aktivitet, kan det vere akkurat DEG vi ser etter! Helsefagleg bakgrunn vil vere eit pluss. Du vil få god opplæring i alt du treng å vete. Ikkje nøl med å sende ein søknad eller ta kontakt med oss for meir informasjon! Oppstart: Snarast

    ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåvene dine vil i hovudsak vere stell og personleg pleie, påkledning, mating, følge på skule, bruk av kommunikasjonshjelpemiddel, vise omsorg og ta ansvar. På dagar der han ikkje er i form til å gå på skule gje oppfølging i heimen. Stillinga inneber ingen arbeid på helg.Kvalifikasjonar

    • Beherske godt norsk skriftleg og munnleg
    • Erfaring og interesse for arbeid med menneske med nedsett funksjonsevne - gjerne helsefagleg bakgrunn
    • Politiattest av ny dato blir krevd framlagt
    • Personar som utdannar seg oppfordrast til å søkje på stillinga
    • Bilsertifikat klasse B

    Personlege eigenskapar

    • Personlege eigenskapar som beskreve over vert vektlagt
    • Vi søkjer ein omsorgsfull, stabil og påliteleg medarbeidar
    • Du må samarbeide godt og ha evne til å arbeide sjølvstendig
    • Er serviceinnstilt

    Vi tilbyr

    • Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
    • God opplæring
    • God pensjonsordningi KLP
    • Løn etter gjeldande avtaleverk
    • Tilsett som Assistent/Pleiemedarbeidar om ikkje anna vert avklart

    KontaktinformasjonAnna Birgitt Myklebust, Leiar Fjord habilitering, 41867990 ArbeidsstadStordalsvegen 669 6250 Stordal Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse, omsorg og velferd Fjord kommune

    Referansenr.: 5201842473 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 15.11.2026

    Om arbeidsgiveren

    Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.

    Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.

    Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no

    We use cookies to measure visits and improve our ads. You choose. Privacy policy