Tjippies · VANG KOMMUNE VANGSHEIMEN

    Tilkallingsvikarar ved VHT - Helsefagarbeidar eller assistent

    Innlandet, NorwayFull-time

    Description

    europa.eu

    Vi ser etter engasjerte og omsorgsfulle tilkallingsvikarar (primært på helg) ved Vangsheimen og heimebaserte tenester. Som medarbeidar i VHT blir du ein viktig del av kvardagen til menneske som treng støtte, pleie og tryggleik.

    Søknadane vert fortløpande vurdert.

    Arbeidsoppgåver

    • Utøve helsehjelp i tråd med gjeldande krav og lovverk
    • Praktisk bistand og rettleiing av brukarar
    • Bidra til positivt samarbeid med pårørande
    • Dokumentere i fagsystemet Profil

    Kvalifikasjonar

    • Fortrinnvis helsefagarbeidar, men ufaglærte med erfaring kan søkje
    • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
    • Erfaring frå kommunal pleie-og omsorgstenester
    • Kunnskap om bruk av IKT som verktøy

    Søkjar må vere minst 18 år Personlege eigenskapar

    • Ha evne til å gje omsorg og tryggleik
    • Vera fleksibel og ha tilpassingsevne
    • Vere motivert, engasjert og strukturert
    • Ha gode evner til samarbeid
    • Vere sjølvstendig og ha evne til å ta ansvar, til å ta initativ og til å sette seg raskt inn i nye arbeidsoppgåver
    • Evne til å sjå, tenkje og arbeide heilskapeleg

    Vi tilbyr

    • Eit godt og spanande fagmiljø med varierte arbeidsoppgåver
    • Eit positivt og triveleg arbeidsmiljø saman med dyktige kollegaer
    • Opplæring og rettleiing

    Stillinga krev politiattest jf. helsepersonell loven § 5-4. Attesten må leggjast fram før tiltreding. Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor. Lønn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsvavtalar. KontaktinformasjonRita Helen Dalemark, Konst.leiar VHT, 91583299 , rita.helen.dalemark@vang.kommune.no Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Vang Kommune

    Referansenr.: 5083419503 Stillingsprosent: 12% Vikar Søknadsfrist: 31.12.2026

    Om arbeidsgiveren
    Vang kommune som arbeidsgjevar
    • Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
    • Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!
    • Vang kommune har nynorsk som skriftspråk
    • Vang kommune er ein tobakksfri arbeidsplass og ein kan ikkje nytte tobakk i betalt arbeidstid.
    Å bu i Vang kommune
    • Ei storstilt satsing på barn og unge!
    • Ein kombinert barne - og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
    • Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og barnehagesprisen per barn 1500 kr
    • Helse og omsorgstenester av god kvalitet
    • Vang kommune har personalbustadar til leige , med butid opptil 3 år
    • Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
    • I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap , gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
    • Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv , der tradisjon står i høgsete, med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
    • I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
    • Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg! Vang blir sagt å ha " vestlandsfjell med austlandsklima ", og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
    • I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
    • Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres .
    • Meir info om arbeids - og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres

    Vang kommune er oppteken av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

    Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.

    We use cookies to measure visits and improve our ads. You choose. Privacy policy