Tjippies · SKEI OMSORGSSENTER

    Kjøkkentenesta søker etter ny medarbeidar

    Vestlandet, NorwayFull-time

    Description

    europa.eu

    Kjøkkentenesta har kjøkken på alle omsorgssentera i Sunnfjord kommune. Vi produserer mat til bebuarar på omsorgssenteret, til heimebuande, samt leverer varm mat alle dagar i året. Har du fagbrev som ernæringskokk eller kokk innan hotell- og restaurantfaget, og ønsker å vere med på å skape gode måltidsopplevingar for brukarane våre?

    Vi har ledig følgande stilling
    • 60 % fast stilling som kokk, for tida ved Skei omsorgssenter

    Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar tredje helg og har arbeid på dagtid.

    Kvalifikasjonar
    • fagbrev som ernæringskokk eller kokk innan hotell- og restaurantfaget
    • kunnskap om IK-mat og HACCP
    • gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

    Har du erfaring frå storkjøkken, men manglar fagbrev, er du også velkomen til å søke. Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.

    Arbeidsoppgåver er mellom anna
    • produksjon og tilrettelegging av måltid
    • sikre god kvalitet og arbeide etter gjeldande krav innan IK-Mat og HACCP
    • samarbeid med kollegaer og andre faggrupper
    • bidra til utvikling av gode mat- og ernæringstenester
    Vi legg vekt på at du
    • er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
    • har interesse for å yte gode tenester til brukarane våre
    • er strukturert og tek ansvar i det daglege arbeidet
    Vi tilbyr
    • eit triveleg og fagleg engasjert arbeidsmiljø
    • varierte arbeidsoppgåver
    • moglegheit til å bidra i utviklinga av framtidas mat- og ernæringstenester

    Vi ønsker medarbeidarar som ser verdien av mat og ernæring som ein viktig del av helse, trivsel og omsorg. Du søker elektronisk. Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

    Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren

    Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.

    We use cookies to measure visits and improve our ads. You choose. Privacy policy