Tjippies · SÅTA BU OG SERVICESENTER

    Sjukepleiarstilling ved Såta bu- og servicesenter - 100%

    Vestlandet, NorwayFull-time

    Description

    europa.eu

    Sjukepleiar 100% - Såta bu- og servicesenter Er du ein engasjert sjukepleiar som søkjar spennande moglegheiter i ei avdeling som nettopp har utvida med 13 plassar? Då søkar vi etter deg! Vi har ledig 100% sjukepleiarstilling i vår avdeling. Det er todelt turnus med arbeid i snitt kvar 3 helg eller med moglegheit for kvar 4 helg med langvakter om ønskjeleg som en prøve. Vi har årsturnus. Hos oss jobbar det også helsefagarbeidarar og pleieassistentar. Pasientane på Såta bu- og servicesenter har ulike behov for oppfølgning. Om Såta bu- og servicesenter I september 2026 utvida Såta bu- og servicesenter med 13 somatiske plassar, i tillegg til dei 12 plassane for personar med demenssjukdom som vi allerede har. Denne avdelinga er ein del av dei fire sjukeheimane vi har i Alver kommune, og den ligg vakkert plassert i sentrum av Knarvik. Målet vårt er å skape eit trygt og omsorgsfullt miljø der bebuarane kan få den støtta og omsorga dei treng. Arbeidsoppgåver

    • Ansvar for heilskapleg sjukepleie til pasientar
    • Observasjon, vurdering og oppfølging av helsetilstanden til pasientane
    • Utføring og oppfølging av til dømes:
    • legemiddelhandsaming
    • ADL
    • sårstell
    • ernæring og væskebehandling
    • lindrande behandling
    • blodprøvetaking
    • Iverksetjing og evaluering av sjukepleietiltak
    • Veileding av kollegaer og studentar
    • Samarbeid med pårøyrande
    • Tverrfagleg samarbeid
    • Vere ein aktiv pådrivar for at pasientane får brukt sine eigne ressursar

    Kompetansekrav

    • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
    • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2 - test

    Kven er du? Me søkjer sjukepleiarar som møter utfordringar i arbeidet med engasjement, handlekraft og som er fagleg trygg. Du er nysgjerrig på faget, ønskjer å læra noko nytt kvar dag og trivst med å arbeida med pasientar med ulike helseutfordringar. Du får lett oversikt over arbeidsoppgåvene, og klarer å sjå heilhetsbilde og prioritera i ein travel kvardag. Me ser etter ein sjukepleiar som i tillegg til å vera tydeleg, klarer å sjå kvar enkelt pasient, pårørande og kollega. Du er positiv, ein bidragsytar i arbeidsmiljøet, fleksibel og jobbar godt i team. Du har gode tekniske ferdigheter, er løysingsfokusert og endringsvillig. Vi tilbyr

    • Fagleg spennande arbeid i nyoppstarta avdeling
    • Årsturnus
    • Sjukepleiare i Alver kommune ligg 10 000 over minstelønnsgarantien til KS

    Politiattest I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede. Vi er Alver Bli kjent med Alver kommune Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune Om arbeidsgiveren: Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 4 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har totalt 175 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning. I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken organisert i sjukeheimstenesta. Sjukeheimstenesta har også tilsett eigne sjukeheimslegar.

    We use cookies to measure visits and improve our ads. You choose. Privacy policy