Tjippies · FITJAR BU- OG BEHANDLINGSSENTER SOMATISK AVDELING

    ID 1045 Sjukepleiar, 80 % fast stilling på natt

    Vestlandet, NorwayFull-time

    Description

    europa.eu

    Helse og omsorg Fitjar har ledig 80% fast stilling på natt, turnus med jobb kvar 3. helg Sjukeheimen har 2 avdelingar, ein somatisk avdeling og ein skjerma avdeling. Heimebaserte yter hjelp til bebuarar i eigen heim. Nattpatruljen har base på sjukeheimen og reiser ut på oppdrag etter avtale og tilkalling.

    Me har mange flotte medarbeidarar i eining for helse og omsorg, og søkjer no etter sjukepleiar som kan jobba sjølvstendig og i team. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting.

    Vikariatet kan bli forlenga.

    Me treng deg som:

    • Er fagleg sterk
    • Er strukturert og pliktoppfyllande
    • Likar å ta ansvar og føl dette opp
    • Er stabil og påliteleg
    • Er kreativ og praktisk
    • God på å skape relasjonar med pasientar, pårørande og kollegaer
    • Gi omsorg, skapa tryggleik og livskvalitet
    • Yt tenester av god kvalitet etter gjeldande lovverk
    • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
    • Har gode samarbeidsevne
    • Har evne til å ta imot og gje kollegaveiledning

    Kvalifikasjonskrav:

    • Autorisert sjukepleiar
    • Helsefagarbeidar kan bli vurdert for vikariatet
    • Sertifikat klasse B
    • Høg arbeidskapasitet og arbeidsglede
    • God norsk framstillingsevne både munnleg og skriftleg, og gode grunnleggande datakunnskapar
    • Ved tilsetjing vert det stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato
    • Personlege eigenskapar vert vektlagt.

    Me tilbyr:

    • Godt arbeidsmiljø med gode kollegaer og godt fagmiljø.
    • God forsikrings- og pensjonsordning.
    • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
    • Offentlig tenestepensjon i KLP
    • Opplæring og rettleiing.

    Fitjar kommune ynskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje uavhengig av kjønn, alder og etnisk bakgrunn. Tilsetjing og arbeidsvilkår etter ei kvar tid gjeldande regelverk. Vitnemål og attestar takast med ved innkalling til eit evt. intervju.

    I ferieavviklinga har leiarane ferie på ulike tidspunkt. Om du vil kontakte nokon angåande stillingane så prøv einingsleiar Olav Sande og avdelingsleiarar Marte Kristin Maraas om du ikkje får tak i kontaktpersonen som er oppgitt.

    Om arbeidsgiveren: Fitjar bu- og behandlingssenter er institusjonsdelen av pleie- og omsorgstenestene i Fitjar.

    Institusjonen har 24 plassar, og tilbyr følgjande tenester:

    • Langtidsopphald
    • Korttidsopphald
    • Avlasting
    • Rehabilitering
    • Palliasjon

    Helsetenester i heimen kan gis som eit eller fleire einskildtiltak. Døme på innhald i tenesta:

    • Oppdrag etter vedtak på dag og natt
    • Rykke ut når brukar nyttar tryggleiksalarm

    We use cookies to measure visits and improve our ads. You choose. Privacy policy