Tjippies · HELSE FØRDE HF FØRDE SENTRALSJUKEHUS

    Overlege/erfaren LIS

    Vestlandet, NorwayFull-time

    Description

    europa.eu

    Ønskjer du å arbeide innan eit spennande fagfelt i rask utvikling? Mikrobiologisk avdeling ved Førde sentralsjukehus søkjer overlege til 100 % vikariat i perioden 21.12.2026-31.07.2027. Mikrobiologisk avdeling er ei av 11 avdelingar i medisinsk klinikk og leverer laboratorietenester innan bakteriologi, serologi og molekylærbiologi til heile Sogn og Fjordane. Vi mottek, analyserer og gjev ut svar på prøver til avdelingar i Helse Førde, eksterne legekontor og kommunale institusjonar. Fag og teknologi utviklar seg raskt, spesielt innan molekylærbiologi. Her har fleire analysar vore etablert siste åra, og i 2025 vart laboratoriearealet til molekylærbiologi utvida. Mikrobiologisk avdeling har fokus på kvalitet og er akkreditert etter standard for medisinske laboratorium NS-EN ISO 15189. Avdelinga har eit tverrfagleg miljø med 27 tilsette og det er tett samarbeid mellom legar, bioingeniørar, molekylærbiologar, avdelingsingeniørar og sekretærar. Vi har regionalt samarbeid med dei mikrobiologiske avdelingane ved sjukehusa i Stavanger, Haugesund og Bergen – som alle nyttar same laboratoriedatasystemet; Unilab700. Avdelinga er ein del av lokalt laboratorieprosjekt i Helse Førde, der ein jobbar med vidare modernisering innan bygg og instrumentpark. Stillinga omfattar arbeidsoppgåver innan heile det mikrobiologiske fagfeltet og dagarbeid måndag til fredag 08:00 – 16:00. Overlegane deltek i vaktordning laurdagar og heilagdagar. Viser elles til Helse Førde sine sider for meir informasjon om avdelinga: Mikrobiologisk avdeling - Helse Førde HF

    Arbeidsoppgåver

    • Medisinsk vurdering og godkjenning av mikrobiologiske prøvesvar
    • Deltaking i kvalitetsarbeid og utvikling
    • Rådgjeving til rekvirentar og tilsette
    • Noko undervisning av tilsette på sjukehuset

    Kvalifikasjonar

    • Norsk autorisasjon som lege
    • Spesialist innan medisinsk mikrobiologi eventuelt erfaren LIS med kort tid til ferdig spesialitet
    • Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg, og søkjarar utanfor Skandinavia må kunne vise til dokumentasjon på dette

    Personlege eigenskapar

    • Interesse for fagfeltet og evne til å tileigne seg ny kunnskap
    • Gode samarbeidsevner og kommunikasjon
    • Strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert
    • Personleg eignaheit vert vektlagt

    Vi tilbyr

    • Kompetente kollegaer i tverrfagleg miljø
    • Løn etter gjeldande avtaleverk
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Hjelp med å skaffe bustad

    Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonMarianne Schiefloe Myklebust, Kst. avdelingssjef, (+47) 986 64 325 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2

    6812 FØRDE

    Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde

    Referansenr.: 5202467979 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 15.11.2026

    Om arbeidsgiveren

    Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

    Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

    We use cookies to measure visits and improve our ads. You choose. Privacy policy