Tjippies · VIK KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON

    Vik kommune har ledig 100 % vikariat som barnehagelærar

    Vestlandet, NorwayFull-time

    Description

    europa.eu

    Vik kommune har ledig eit 100 % vikariat som barnehagelærar i Feios og Fresvik barnehage gjeldande frå snarast og ut barnehageåret 2026/27.

    Krav til kompetanse

    • Høgskuleutdanning som barnehagelærar

    Personlege eigenskapar

    • Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter.
    • Du har god relasjons- og leikekompetanse.
    • Du er strukturert og organisert.
    • Du er fleksibel og raus.

    Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

    Løns- og tilsetjingsvilkår

    • Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk
    • Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar
    • Den som blir tilsett må levera politiattest av nyare dato

    Andre opplysningar Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.

    Søknadsprosedyre Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Me ber om at dokumentasjon på eventuell utdanning og erfaring blir lagt ved søknaden. Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.

    Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren

    Vik kommune har omlag 2 560 innbyggjarar. Hovudnæringane er landbruk og industri, i tillegg til reiseliv og andre tenesteytande næringar. Vik ligg ved innfallsporten til Stølsheimen landskapsvernområde og er ein av fire vertskommunar for Nærøyfjorden verdsarvområde. Kommunen er elles kjend for eit rikt organisasjonsliv med gode og varierte tenestetilbod.

    Tenestemålet er nynorsk.

    Vik kommune er ein stor arbeidsplass med omlag 270 årsverk fordelt på 330 tilsette og eit brutto driftsbudsjett på 385 mill.kr.

    We use cookies to measure visits and improve our ads. You choose. Privacy policy