Tjippies · TANNHELSETENESTA I MOLDE

    Tannlege ved Molde kompetanseklinikk (vikariat)

    Vestlandet, NorwayFull-time

    Description

    europa.eu

    Vil du bli ein del av tannhelseteamet vårt i Molde?

    • Ønskjer du spennande utfordringar i eitt av landets vakraste fylke?
    • Blir du motivert av å jobbe for og med menneske?
    • Søker du eit meiningsfylt arbeid med stor variasjon og ansvar?
    • Vil du vere ein del av eit fagleg fellesskap som legg vekt på læring, samarbeid og tillit?
    • Vi søker engasjert tannlege som vil vere med og styrke og vidareutvikle tilbodet vårt.

    Vi har ledig vikariat ut 2027 i 100% stilling som tannlege ved Molde kompetanseklinikk. Molde kompetanseklinikk er ein av fylkets største offentlege tannklinikkar, og har 6 tannlegar, 3 tannpleiarar og 10 tannhelsesekretærar. Klinikken har i tillegg også spesialistar i oralkirurgi og oralprotetikk og psykolog i tverrfagleg behandlarteam TOO. Les meir om Molde her: Visit Molde

    ArbeidsoppgåverVarierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar. Arbeidsoppgåver er hovudsakeleg klinisk virke med odontologisk undersøkingar og behandling. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver, kontakt med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar. Kvalifikasjonar

    • Norsk autorisasjon som tannlege
    • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk.
    • Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit.
    • Nyutdanna blir også oppmoda til å søke – vi tilbyr god støtte, tett samarbeid i team og gode moglegheiter for fagleg utvikling.
    Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som
    • kjenner stoltheit for tannhelsefaget
    • trivst med å jobbe med og for menneske
    • jobbar effektivt og sjølvstendig
    • har god samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert
    • ønskjer å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø

    Vi tilbyr

    • Ein god jobb der du kan utvikle deg
    • Lønn etter avtale
    • Ny og moderne tannklinikk
    • Fagleg utvikling og tilgang til eit stort kompetansenettverk
    • Trivelege medarbeidarar og godt miljø
    • Introduksjonsprogram
    • Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)

    Anna Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.Den som vil bli tilsett må levere politiattest KontaktinformasjonIngri Nilsson Valle, Klinikkleder, 45416614 Henriette Stavik Hollingen, Overtannlege Molde kompetanseregion, 92414190 ArbeidsstadBjørnstjerne Bjørnsons veg 6 6412 Molde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

    Referansenr.: 5199739747 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 20.11.2026

    Om arbeidsgiveren

    Bli med å utvikle regionen saman med oss!

    Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

    Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.

    Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

    For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.

    Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling. Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.

    Sjå korleis det er å jobbe i tannhelsetenesta i Møre og Romsdal

    Interessert i jobb i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal?

    • Ønsker du spennande utfordringar i eit av landets vakraste fylke?
    • Blir du motivert av å jobbe for - og med - menneske?
    • Ønsker du eit meiningsfylt arbeid med varierte pasientgrupper?
    • Vil du vere ein del av eit fagleg nettverk og ein organisasjon som opptatt av læring, samarbeid og tillit?

    Vi treng deg i det viktige samfunnsoppdraget vårt!

    We use cookies to measure visits and improve our ads. You choose. Privacy policy