Tjippies · HELSE FONNA HF HAUGESUND SJUKEHUS

    Jurist

    Vestlandet, NorwayFull-time

    Description

    europa.eu

    Vi søker ein dyktig jurist til å styrke laget vårt i Helse Fonna! Ønsker du å vere med og ivareta den juridiske kompetansen i den største og mest komplekse organisasjonen i regionen? Du vil jobbe tett saman med føretaksjuristen vår og bidra til å sikre at tenestene våre utviklar seg og blir ivaretatt i tråd med lovkrava. Hovudområda innan juridisk rådgjeving vil vere helserett og avtalerett. Undervisning av helsepersonell og andre faggrupper vil også vere ein del av ditt arbeid, samt bistand og rådgjeving i andre juridiske spørsmål.

    Kva går jobben ut på?

    • Juridisk rådgjeving med hovudvekt på helserett, avtalerett, helseforsking og GDPR.
    • Sakshandsaming av innsynskrav, klagesaker og vurdering av andre rettslege spørsmål for helseføretaket.
    • Undervisning og rettleiing etter behov.
    • Samhandling med interne og eksterne samarbeidspartnarar
    • Utvikling og revidering av rutinar for å sikre etterleving av lovkrav.

    Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

    • Juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap.
    • Interesse for og erfaring med avtalerett.
    • Interesse for og erfaring med arbeid knytt til helsevesenet.
    • Kjennskap til relevant regelverk knytt til arbeidsoppgåvene.
    • Det er ønskeleg med erfaring frå offentleg forvaltning eller sakshandsaming.
    • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på både nynorsk og bokmål.

    Kva ser vi etter hos deg? Hos oss er det viktig at du

    • samarbeider godt med andre
    • arbeider sjølvstendig og engasjert
    • tilpasser deg ulike oppgåver og arbeidsmåtar
    • ser etter løysingar

    Vi legg vekt på personlege eigenskapar. Vi tilbyr

    • Fagleg og personleg utvikling i eit fagmiljø med høg kompetanse og stor breidde
    • Regionalt juridisk nettverk
    • Varierte og meiningsfulle oppgåver
    • Medlemskap i offentleg pensjonsordning
    • Løn etter avtale

    Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonAndreas Andreassen, Fagdirektør, +47 46933044, andreas.andreassen@helse-fonna.no ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 Haugesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

    Referansenr.: 5201801524 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 27.11.2026

    Om arbeidsgiveren

    Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

    Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

    For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no .

    We use cookies to measure visits and improve our ads. You choose. Privacy policy