Tjippies · KVAM KULTURSKULE

    Pedagog i visuelle kunstfag

    Vestlandet, NorwayFull-time

    Description

    europa.eu

    Me søkjer etter deg som viser kjærleik til kunsten og faget, og vil utforska i lag med elevane våre!

    • Kvam kulturskule har om lag 400 elevar og 20 lærarar og underviser i alle skulekrinsane i heradet.
    • Me tek utgangspunkt i det som bur i kvar enkelt elev og skapar trygge rammer.
    • Kvam kulturskule ynskjer å vera eit kulturelt kraftsenter med eleven i sentrum.
    • Me ynskjer ein fagleg og pedagogisk dyktig lærar som er interessert i å driva vidare kulturarven og handverket, samt vera open og nyskapande. Me ynskjer at elevane våre skal få læra, oppleva, skapa og formidla kunst og kultur gjennom eigen aktivitet og i fellesskap med andre.

    Sjå her for meir informasjon om oss: https://www.kvam.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/kvam-kulturskule/

    Arbeidsoppgåver

    • Undervisa i visuelle kunstfag, primært for barn og ungdom i ulike bygder i kommunen.
    • Arbeid med elevgrupper

    Kvalifikasjonar

    • Kunstfagleg utdanning på høgskule-/universitetsnivå innan skapande kunstfag.
    • Søkjarar som ikkje tilfredstiller desse krava, kan tilsetjast dersom tilsvarande realkompetanse eller relevant utdanning kan dokumenterast.
    • Erfaring frå undervisning / pedagogisk arbeid
    • Gode utøvande ferdigheiter innan visuelle kunstfag
    • Grunnleggjande IT-kunnskapar, og evne og interesse for å tilegna seg kunnskap innan ny teknologi
    • Førarkort og tilgang til bil

    Personlege eigenskapar

    • Du er ein trygg lærar som gjev opplæring av høg fagleg og pedagogisk kvalitet
    • Du er serviceinnstilt og engasjert, fleksibel, raus og inkluderande
    • Du er venleg og har respekt for andre, viser kjærleik til kunsten og faget, og utforskar gjerne i lag med elevane våre
    • Du er samarbeidsvillig og bidreg positivt inn i kollegiet

    Vi tilbyr

    • Gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
    • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
    • Gode pensjons-/og forsikringsordningar
    Generell informasjon
    • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak
    • Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter
    • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.
    • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

    KontaktinformasjonAnne Cathrine Eiken, Kulturskulerektor, +47 975 16 771 ArbeidsstadGrovagjelet 5600 Norheimsund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad

    Referansenr.: 5204385432 Stillingsprosent: 30% Vikar Startdato: 01.01.2027 Sluttdato: 31.12.2027 Søknadsfrist: 17.11.2026

    Om arbeidsgiveren

    Oppdag Kvam - framtida er her! Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.

    Naturopplevingar og aktivitetar Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.

    Ein kommune for framtida Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Kvam vidaregåande skule og kulturhus opna i januar 2026 og ligg i Norheimsund sentrum. Skulen har fagtilbod innan yrkesfag og studiespesialiserande linjer. I samme bygg finn du vaksenopplæringa, Kvam kino, folkebibliotek og skulebibliotek.

    Eit variert næringsliv Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid.

    Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir

    We use cookies to measure visits and improve our ads. You choose. Privacy policy