Tjippies · HELSE FØRDE HF NORDFJORD SJUKEHUS

    Ferievikar dialyse sommaren 2027

    Vestlandet, NorwayFull-time

    Description

    europa.eu

    Medisinsk avdeling - Dialyseposten søkjer sjukepleiar til sommaren 2027.

    • Arbeidsperiode : 16.06.2027 - 22.08.2027
    • Arbeidstid : måndag til laurdag kl. 08.00 - 15.00

    Avdelinga utfører hemodialysebehandling for pasientar med kronisk nyresvikt. Vi har åtte dialyseplassar og nyttar behandlingsmaskina Fresenius 5008. Nordfjord sjukehus ligg sentralt i Nordfjordeid. Her finn du vakker natur med gode moglegheiter for fjell- og friluftsliv, samt fiske i fjord og elv. Vi kan vere behjelpelege med bustad nær sjukehuset. Vi ønskjer at du opplyser i søknaden kva periode du kan arbeide.

    Arbeidsoppgåver

    • Hemodialyse til pasientar
    • Overvåking under dialyse

    Kvalifikasjonar

    • Dialysesjukepleiar eller erfaring fra hemodialyse på sjukehus
    • Kjenne til behandlingsmaskin Fresenius 5008 eller lignande.
    • Må beherske godt norsk både skriftleg og munnleg
    • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere god kunnskap i norsk skriftleg og munnleg.

    Personlege eigenskapar

    • Du er løysningsorientert
    • Du er fleksibel og engasjert
    • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
    • Fagleg nygjerrig

    Vi tilbyr

    • Eit hyggelig arbeidsmiljø med trivelige kollegaer
    • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar

    Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonMaria Charlotta Berg Langvik, Seksjonsleiar, (+47) 416 48 264 ArbeidsstedSjukehusvegen 14 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde

    Referansenr.: 5201476333 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 17.01.2027

    Om arbeidsgiveren

    Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

    Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

    We use cookies to measure visits and improve our ads. You choose. Privacy policy