Tjippies · HELSE FONNA HF HAUGESUND SJUKEHUS

    Drift og vedlikeholdsingeniør automasjon/svakstrøm ITB

    Vestlandet, NorwayFull-time

    Description

    europa.eu

    Helse Fonna søker ein drifts- og vedlikehaldsingeniør innan automasjon, svakstrøm og ITB. Som drifts- og vedlikehaldsingeniør innan automasjon og svakstrøm/ITB i Helse Fonna vil du ha ansvar for drift og vedlikehald av automatiserte system og integrerte tekniske bygningsinstallasjonar (ITB) ved Haugesund sjukehus og dei distriktspsykiatriske sentera på Haugalandet. Dei automatiserte systema i føretaket, saman med dei ulike sentrale driftskontrollanlegga (SD-anlegga), overvakar, styrer og regulerer dei fleste bygningstekniske installasjonane i eigedommane våre. Vi ser fram til å motta søknaden din!

    Kva går jobben ut på?

    • Kontroll, feilsøking og utbetring på automatiseringssystem og svakstraumanlegg.
    • Tilstandskartlegging av tekniske anlegg og systemer.
    • Reparere, skifte ut, justere og kontrollere komponentar som inngår i automatiserte anlegg.
    • Kontroll og funksjonstesting ved overtagelse av ulike prosjekt/tiltak knytt til automatisering og SD anlegg/system, av dette retningslinjer, rutinar, prosedyrar, dokumentasjon og opplæring.
    • Kontrollere, oppdatere og vidareutvikle prosedyrar og rutinar for bruk i drift og vedlikehald.
    • Følgje opp og bidra til vidareutvikling av føretakets IK innanfor fagområdet.
    • Delta i tverrfaglege vedlikehaldsteam.

    Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

    • Utdanning som automasjonsingeniør eller teknisk fagskule med relevant fagbrev eller meisterbrev. Nyutdanna kandidatar blir òg oppmoda til å søke.
    • Erfaring innan drift, reparasjon, vedlikehold og feilsøking på industrielle og andre automatiserte lavspenning eller SD anlegg.
    • Erfaring med IT baserte verktøy.
    • Gode språkkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
    Personlege eigenskapar Hos oss er det viktig at du
    • har motivasjon og interesse for fagfeltet
    • kan arbeide godt både sjølvstendig og i team
    • har gode samarbeidsevner, er arbeidsvilleg og initiativrik

    Personlege eigenskapar blir vektlagd. Vi tilbyr

    • Spennande og varierte oppgåver i eit utfordrande og triveleg miljø.
    • Løn etter avtale
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar

    Vitnemålsportalen Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonHarald Lunde, Avdelingsleiar, +47 413 36 655, harlun@ihelse.net Sokol Kastrati, Funksjonsleiar, +47 418 63 512, sokkas@ihelse.net ArbeidsstadKarmsundgata 120

    5528 HAUGESUND

    Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

    Referansenr.: 5194297919 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 24.11.2026

    Om arbeidsgiveren

    Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

    Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

    For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no .

    We use cookies to measure visits and improve our ads. You choose. Privacy policy