Tjippies · STAD KOMMUNE BU OG MILJØ NORDFJORDEID BARNEAVLASTNING

    Helgestillingar i barneavlastinga og psykisk helse og rus

    Vestlandet, NorwayFull-time

    Description

    europa.eu

    Vi søkjer engasjerte og omsorgsfulle medarbeidarar til fleire faste helgestillingar i 15 - 24 % på avdelingane Barneavlastinga og Myroldhaug psykisk helse og rus. Hos oss får du høve til å gjere ein forskjell der det verkeleg betyr noko – enten du allereie er fagutdanna eller brenn for å arbeide med menneske.

    Arbeidsoppgåver

    • Gjennomføring av faglege oppgåver, omsorg og behandling
    • Kartlegge og vurdere behov
    • Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer
    Kvalifikasjonar Vi ser særleg etter deg som
    • Har helsefagleg utdanning
    • Er elev eller student innan helse-, sjukepleie- eller vernepleiefag
    • Har interesse for faget eller vurderer ei utdanning innan sektoren
    • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
    • Du må vere over 18 år

    Personlege eigenskapar

    • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
    • Gode kommunikasjonsevner, kan skape trygge og tillitsfulle relasjonar
    • Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
    • Tek initiativ og ansvar
    • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre

    Vi tilbyr

    • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
    • Høve til fagleg utvikling
    • Moglegheit for stipendordning for sjukepleie- og vernepleiestudentar
    • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Dersom du ønskjer høgare stillingsprosent og vil arbeide i fleire einingar, så vil vi forsøke å legge til rette for det

    Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Stad kommune har 6 månader prøvetid.Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. KontaktinformasjonMarie Bakke, Einingsleiar meistring og psykisk helse, 40022692, marie.bakke@stad.kommune.no ArbeidsstadMyroldhaugvegen 43 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune

    Referansenr.: 5195118611 Stillingsprosent: 25% Fast Søknadsfrist: 17.11.2026

    Om arbeidsgiveren

    Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

    www.nordfjord.no/stad

    www.hjartestad.no

    We use cookies to measure visits and improve our ads. You choose. Privacy policy