Tjippies · SVEIO KOMMUNE SERVICEKONTOR

    Økonomirådgjevar

    Vestlandet, NorwayFull-time

    Description

    europa.eu

    Om stillinga Sveio kommune søkjer ein økonomirådgjevar som ser samanhengar og omset tal til innsikt. Du får ei sjølvstendig og sentral rolle i budsjett-, analyse- og rapporteringsarbeidet, med hovudvekt på oppvekstområdet og oppgåver også innan helse. I tett samarbeid med kommunalsjefen for oppvekst og for helse skal du bidra til heilskapleg økonomisk oversikt og gode avgjerdsgrunnlag for leiinga. Oppvekstområdet i Sveio omfattar to kommunale- og tre private barnehagar, fem skular, Barn og familie eining og eit kultursenter. Dette er tenester som betyr mykje for barn, unge og familiar i kommunen. Gjennom faglege vurderingar og råd skal du støtta leiinga i økonomisk oppfølging og prioriteringar. Her får du kombinera sjølvstendig fagleg arbeid med tett samarbeid – og bruka økonomikompetansen din til å skapa gode rammer for viktige tenester til innbyggjarane. Arbeidsoppgåver

    • Ha medansvar for budsjett, rekneskap, rapportering og prosjektoppfølging.
    • Bidra med analysar og delta i prosjekt og politisk sakshandsaming innan kommunal forvaltning.
    • Arbeida med ressurs- og rammetildeling til den enkelte barnehage og skule.
    • Ha medansvar for rapportering i GSI og BASIL.
    • Berekna tilskot til private barnehagar.
    • Gi økonomifagleg støtte og rettleiing til einingsleiarane.

    Kvalifikasjonar

    • Minimum 3 årig høgskuleutdanning innan økonomi.
    • Anna relevant utdanning kombinert med praksis kan vera aktuelt.
    • Relevant arbeidserfaring innan dei aktuelle arbeidsområda er ein fordel.
    • Kjennskap til offentleg forvaltning og relevant lov- og avtaleverk innan områda oppvekst og helse er ein fordel.
    • Gode digitale ferdigheiter, kompetanse i avansert bruk av Excel og kjennskap til økonomi- og HR-system.
    • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. Nynorsk er skriftspråket i Sveio kommune.

    Personlege eigenskapar

    • Du samarbeider godt med andre og arbeider sjølvstendig.
    • Du arbeider strukturert, nøyaktig og målretta.
    • Du har gode analytiske evner og omset økonomisk informasjon til forståelege vurderingar og råd.
    • Du tek initiativ og finn løysingar i samarbeid med andre.
    • Du prioriterer oppgåver og held oversikt, også i periodar med høgt arbeidstempo.

    Vi tilbyr

    • Utfordrande og lærerike arbeidsoppgåver i eit engasjert arbeidsfellesskap med høg fagleg kompetanse.
    • Høve til å påverka og vidareutvikla det økonomifaglege arbeidet innan oppvekst og helse.
    • Løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar.
    Om arbeidsgiveren

    Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.

    We use cookies to measure visits and improve our ads. You choose. Privacy policy