Tjippies · EIDET SKULE

    Tilkallingsvikarar som lærar og assistent

    Vestlandet, NorwayFull-time

    Description

    europa.eu

    Vi søkjer tilkallingsvikarar både som lærar og assistent i skule og SFO skuleåret 2026/27. Skriv i søknaden kva som er aktuelt.Eidet skule er ein flott og heilt ny skule med litt under 400 elevar frå 1. til 10. trinn og om lag 120 barn på SFO. Skulen ligg fint til mellom bygdene Vatne og Tennfjord ved foten av Ramnfloget med Eidet kulturhall og Ravn Stadion som næraste naboar. Vi har flotte fasilitetar med topp moderne undervisningslokale, spesialrom til alle fag, gode arbeidsrom, 1-1 dekning med IPad/PC, elevkantine, amfi og bibliotek.Vi fokuserer på å skape ein trygg og inkluderande skule som opnar dører mot verda og framtida for elevane våre. Det er tett samarbeid mellom skule og SFO. Vi ønskjer å skape ein skule som er ein nær del av lokalsamfunnet, og som elevar, tilsette og føresette er stolte over å vere ein del av.I kommunalområde barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med på å forme framtida.Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode og heilskaplege tenester er i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenesteområda våre, slik at vi saman kan skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.

    ArbeidsoppgåverFølgjande arbeidsoppgåver er aktuelle
    • Undervisning (lærarstilling)
    • Gje omsorg og vere ein trygg vaksenperson for kvart enkeltebarn
    • Gje barn positiv oppfølging og støtte
    • Følgje opp enkeltelevar med særskilte og samansette behov
    • Rettleie barn i leik og aktivitetar
    • Leggje til rette for og gjennomføre aktivititetar i skule og SFO
    • Personleg assistanse i høve av- og påkledning, stell og pleieoppgåver og måltid
    • Samarbeide med skulen sine tilsette

    Kvalifikasjonar

    • Undervisningskompetanse og relevant erfaring for lærarstilling
    • Erfaring med arbeid med barn i skule, SFO og barnehage
    • Beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg
    • God digital kompetanse
    • Godkjent politi- og tuberkulinattest

    Personlege eigenskapar

    • Likar å arbeide med barn og unge
    • God vaksen rollemodell med gode omsorgsevner og med fokus på kvart enkelt barn
    • Kunne arbeide både sjølvstendig og saman med andre
    • Ansvarsfull, engasjert og tar initiativ
    • Trivast i ein aktiv kvardag med både inne- og uteaktivitetar
    • Har lyst å skape gode arbeidsdagar i lag med elevar og kollegaer
    • Positiv og godt humør
    • Personlege eigenskapar vert vektlagt

    Vi tilbyr

    • Ein arbeidskvardag der du gjer ein skilnad i barn og unge sine liv
    • Ny og moderne skule og SFO
    • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar som er opptatt av å saman skape eit trygt og godt skulemiljø
    • Vere del av eit lokalsamfunn i vekst der mykje positiv aktivitet vert skapt
    • Løn i samsvar med gjeldande tariffavtale

    KontaktinformasjonOle André Lukkedal, Rektor, 48112398, ole.andre.lukkedal@haram.kommune.no ArbeidsstadVatnevegen 41

    6265 VATNE

    Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune

    Referansenr.: 5168070791 Stillingsprosent: 0% Vikar Startdato: 01.09.2026 Sluttdato: 20.06.2027 Søknadsfrist: 20.06.2027

    Om arbeidsgiveren

    Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

    Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

    Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner

    Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

    We use cookies to measure visits and improve our ads. You choose. Privacy policy