Tjippies · ULSTEIN KULTURSKULE

    Kulturskulelærar

    Vestlandet, NorwayFull-time

    Description

    europa.eu

    Vikariat i Ulstein kulturskule frå 19.01.2027-18.06.2027.

    Arbeidsoppgåver Undervise i kulturskulen i følgande fag
    • Slagverk
    • Musikkproduksjon
    • Gitar
    • Bass
    • Piano
    • Song

    Kvalifikasjonar

    • Utdanning i rytmisk musikk og relevant arbeidserfaring er ynskjeleg.
    • Godkjend pedagogisk utdanning (PPU eller tilsvarande)
    • Kompetanse innan musikkteknologi og musikkproduksjon
    • Undervisingserfaring

    Relevant arbeidserfaring kan bli vektlagt. Personlege eigenskapar

    • Du viser god evne til samarbeid over tid
    • Du er utadvendt og kommuniserer godt med elevar, føresette og kollegaer
    • Du kan arbeide sjølvstendig og med andre
    • Du held deg fagleg oppdatert
    • Du har evne til å motivere og skape engasjement
    • Du viser god gjennomføringsevne
    • Du er ein tydeleg klasseleiar og relasjonsbyggjar
    • Du kan nytte deg av handlingsrommet ditt som kulturskulelærar

    Personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på. Vi tilbyr

    • Samarbeid i eit profesjonelt læringsfellesskap
    • Gode undervisingslokalar
    • Løn etter HTA
    • Gode pensjons- og forsikringsvilkår

    Lurer du på noko om stillinga? Ta kontakt med rektor i kulturskulen for ein hyggeleg prat. KontaktinformasjonRobert Pedersen Løkketangen, Rektor, +47 46822581 ArbeidsstadReiten 6065 Ulsteinvik Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Oppvekst og kulturetaten

    Referansenr.: 5194575605 Stillingsprosent: 40% Vikar Startdato: 19.01.2027 Sluttdato: 18.06.2027 Søknadsfrist: 15.11.2026

    Om arbeidsgiveren

    Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.

    We use cookies to measure visits and improve our ads. You choose. Privacy policy