Tjippies · STRANDA KOMMUNE STRANDA DISTRIKT SJUKEHEIMEN

    Stranda distrikt - helgevakt og tilkallingsvikarar

    Vestlandet, NorwayFull-time

    Description

    europa.eu

    Vi søker etter tilkallingsvikarar i Stranda distrikt. Arbeid i turnus som inneber vakter på dag, kveld og helg. Stranda distrikt består av sjukeheim med 38 plassar, omsorgsbustadar ved avdeling Dalane, Solbakken og Liabygda og tenester til yngre heimebuande brukarar med funksjonsnedsetting. Den som blir tilsett må framvise politiattest av nyare dato.

    Skriv i søknaden kva du søkjer på
    • Stranda omsorgssenter avd. sjukeheimen - Helg og tilkalling
    • Stranda omsorgssenter avd. heimetenesta - Helg og tilkalling
    • Stranda omsorgssenter avd. HTF (heimeteneste til yngre med funksjonsnedsettingar) - Helg og tilkalling

    Arbeidsoppgåver Arbeid i pleie ved avdeling sjukeheimen Heimeteneste til heimebuande og bebuarar i omsorgsbustad Heimeteneste for yngre med funksjonsvariasjonar Kvalifikasjonar Erfaring frå pleie- og omsorgstenestene er ein fordel, men ikkje eit krav. Søkjarar til heimetenestene må ha førarkort. Personlege eigenskapar

    • Gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg.
    • Interesse for faget.
    • Vi søkjer deg som er tolmodig og empatisk og som har stor respekt for brukarane og deira ønskje og behov

    Vi tilbyr Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk Løn etter kvalifikasjonar KontaktinformasjonAstrid Helene Ringdal, Avdelingsleiar heimetenesta, 464 11 156 Hannah Velle Vadset, Avdelingsleiar sjukeheimen, 930 98 969 Liv Skarbø Gjærde, Eininingsleiar, +47 46411180 ArbeidsstadNymarkvegen 58 6200 Stranda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stranda kommune

    Referansenr.: 5167459733 Stillingsprosent: 0% Vikar Søknadsfrist: 30.11.2026

    Om arbeidsgiveren

    Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.

    Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass.

    Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt .

    I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.

    Offentleg tenestepensjon for nytilsette

    Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.

    We use cookies to measure visits and improve our ads. You choose. Privacy policy