Tjippies · AIR OSLO

    Fysioterapeut 100% i Oslo

    Oslo og Viken, NorwayFull-time

    Description

    europa.eu

    Rehabiliteringssenteret AiR Oslo

    Fysioterapeut

    Fast stilling 100 %

    Ved vår avdeling i Oslo skal vi januar 2027 starte eit nytt rehabiliteringstilbod for personar med langvarige muskel- og bløtdelssmerter. Stillinga vil primært vera knytt til det tilbodet.

    Arbeidsoppgåver
    • Klinisk smertekartlegging og vurderingssamtalar
    • Leie varierte undervisning- og treningsaktivitetar i gruppe
    • Bidra med observasjonar inn i det tverrfaglege teamet
    • Særfagleg oppfylging ved behov
    • Bidra i utviklingsarbeid
    Vi ser etter desse kvalifikasjonane /eigenskapane
    • Klinisk erfaring frå smertebehandling-/rehabilitering er ønskeleg
    • Blikk for tverrfaglgege funksjonsvurderingar
    • Norsk autorisasjon som fysioterapeut
    • Tilleggsutdanning eller erfaring innan PRT (Pain Reprosessing Therapy) og kognitiv åtferdsterapi er ønskeleg
    • God kommunikasjon- og samarbeidsevne
    • Interesse for å ta i bruk nye teknologiske verktøy i samband med undervisning/aktivitet
    • Personlege eigenskapar vert vektlagde
    Vi tilbyr
    • Eit spennande tverrfagleg arbeidsmiljø
    • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
    • Arbeidstid, dagtid på kvardagar
    • Konkurransedyktige løns- og personvilkår
    For meir informasjon, kontakt

    Fysioterapeut/prosjektleiar for nytt smertetilbod: Hugo Øren, tlf. 35 06 20 86, hugo.oren@air.no

    Klinikkleiar AiR Oslo: Guri Sogn-Larssen, tlf. +47 414 33 433, guri.sogn-larssen@air.no

    Søknadsfrist: 1. november 2026.

    Søk på stillinga: https://rehabilitering.no/ledigestillingar/

    Om arbeidsgiveren

    Rehabiliteringssenteret AiR er ein landsdekkande, ideell institusjon i spesialisthelsetenesta, og har sidan 1986 hjelpt personar med samansette helseutfordringar. AiR er oppteken av å tilby og utvikle kunnskapsbaserte rehabiliteringsløp, og brukar digitale løysingar både før, under og etter fysiske tilbod.

    AiR har klinikk for rehabilitering med overnatting i Rauland og poliklinisk tilbod i Oslo. Tilboda er gruppebaserte og tverrfaglege. I fagteama inngår lege, fysioterapeut, arbeidskonsulent, idrettspedagog og psykolog/samtaleterapeut.

    We use cookies to measure visits and improve our ads. You choose. Privacy policy